Hopp til innhald

Skjerevodd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. september 2026 kl. 07:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Skjerevodd var ein husmannsplass som opphaveleg høyrde under bnr. 11 på Flateland i Valle. Men etter siste utskiftinga på garden kom plassen under bnr. 1 Nistog. Staden var rett sør for Liebekk, om lag 250 m ovafor der bekken renn ut i Lisleå.

Skjerevodd var busett til eit godt stykke inn på 1900-talet. Stoga blei i 1937–1938 flytta til Lislehage (bnr. 99).

Kjelder