Onsdagsprogram Valle Radio 20101006
Onsdagsprogram Valle Radio 20101006 fortel om radioprogrammet for onsdag 6. oktober 2010 i Valle Radio
Program
Ansvarleg: Ronny Stavsholt Teknikar: Torhild Sandnes Telefonvakter: Torbjørg Hoftuft og Malmfrid Nyborg Homme
- 18:00 Aktuell time med Ronny Stavsholt
- Valle IL si fotballgruppe får nye drakter til neste sesong sponsa av Vestas
- Vivaldi: De fire årstider: Høsten
- Telefonsamtale med Eirik Brunvatne som studerer på UMB om vindkraft og anna fornybar energi. Fleire elektriske apparat gjer at ein treng meir elektrisk kraft. Dei var innom mange sider av dette temaet, solceller, bølgekraft, småkraft.
- Eric Clapton: Autumn leaves
- Telefonsamtale med meterolog Øyvind Johnsen om veret. Hovden rundt 20 mm i løpet av dagen i dag, Eik i Rogaland 115 mm. Ein mm er 1000 liter på eit mål. I løpet av kvelden er dei fleste områda regnfrie, men elvene vil vere store. -Korleis veit ein kor mykje vatn det er i skyene. -Ein datamaskin prøver å rekne ut det. Men det er mange usikre parameter. Frå Agder kan ein sjå skyer som er i samband med nedbørsområde i Storbritannia. Mest alle system er ulike på ein eller annan måte.
- Frank Sinatra: Autumn in New York
- Valle IL si fotballgruppe får nye drakter til neste sesong sponsa av Vestas
- 19:00 Kommunen informerer med Caroline Rysstad frå Valle barnehage
- 19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
- 20:00 Ronnys time med diverse innslag
- 21:00 Open sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike