Hyljebrokka (Eiken)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Hyljebrokka var ei bratt kleiv på den gamle Dalevegen mellom Orte og Haddeland i Eiken. Vegen var bygd i 1840-åra og i bruk til 1939. Han er framleis godt synleg oppover kleiva.
Øvst i kleiva gjekk ein sideveg over Lygna på Nøkland bru og fram til garden Nøkland.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, side 243
- Artikkelen om køyrevegen i Hyljebrokka på Kulturminnesok.no
Kart
- Orte–Haddeland på Norgeskart.no, med Hyljebrokka mellom seg