Ljoren
Utsjånad
Ljoren var det firkanta holet (gluggen) i taket på dei gamle årestogene der røyken frå åren slapp ut. I nyare tid låg det ei ljoredytte over opninga når dei ikkje elda. I eldre tid, medan folk budde heile året i årestoga, var holet dekka av ein skjår.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamal byggjeskikk i Eiken sokn, utgjeve av Vest-Agder-museet, 2024, side 11
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 26