Hopp til innhald

Color Line Setesdal Tour

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. mai 2026 kl. 15:02 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (reflist)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Color Line Setesdal Tour er eit sykkelritt frå Kristiansand til Hovden. Rittet går siste laurdag i mai og er 212 km langt. Den totale stigninga er på 1614 høgdemeter. Mål på Hovden ligg på 808 moh. Deltakarrekorden er frå 2011, då 2110 ryttarar sykla løpet. I 2016 blei rittet arrangert for 15. gong. Arrangør er Kristiansands Cykleklubb.

Frå Byglandsfjord under Color Line Setesdal Tour i 2015.

2026

Dette året vart Color Line Setesdal Tour arrangert laurdag 30. mai 2026. Mange ordførarar deltok på siste del av rittet, strekningen frå Valle til Hovden, som er 55 kilometer. Dei kunne nytte elsykkel, og gruppa vart leia av stortingsrepresentant Alf Erik Andersen og fylkesordførar Arne Thomassen. Andre som skulle vere med var varaordførar i Kristiansand, Charlotte Beckmann Finnestad, som har budd på Hovden og ordførar Lars Tarald Myrum i Valle.

2025

Dette året var dagen laurdag 24. mai 2025. 8. klasse ved Bygland skule hadde matstasjon og delte ut mat og drikke til svoltne og slitne syklistar.[1]

2022

Rittet blei arrangert laurdag 28. mai 2022, med lettskya ver og noko motvind. Vinnartida var 5.12.17.

2016

Catsj 4.59.59 på veg mot rekordtid i 2016.
Foto: Geir Daasvatn

Rittet blei gjennomført laurdag 28. mai 2016 i overskya ver, og med litt lett regn nordover i Setesdal. Catsj 4.59.59 klarte endeleg å sette ny løyperekord, og kome under fem timar, etter to tidlegare forsøk som ikke lukkast i 2014 og 2015. Den nye løyperekorden er på 4.55.02. 17 ryttarar frå Catsj fekk registrert denne tida. Sub Region Sør og Team Kjekkas kom på dei neste plassane. Også Sub Region Sør klarte å bryte femtimars-grensa. Best i kvinneklassen var Siren Breidalen Wulff frå Kristiansands Cykleklubb, med tida 5.27.09. Omlag 1 400 ryttarar fullførte løpet.

2015

Rittet gjekk laurdag 30. mai 2015 i grått og kaldt ver. Catsj 4.59.59 kom først i mål på tida 5.10. Forsøket på å kome under fem timar lukkast ikkje under dei forholda som rådde.

2012

Dette året gjekk rittet 26. mai 2012 i strålande solskin. Flekkerøyekspressen kom først i mål på tida 6.23.

Kjelder

Referansar

  1. Eivind Iveland: Jobba dugnad under Color Line Tour: Delte ut mat og drikke til slitne syklistar. Artikkel i Setesdølen nr. 38, 2025 side 6

Eksterne lenker