Bjåen
Bjåen er ei grend lengst nord i Bykle kommune, på grensa til Vinje kommune i Telemark. Bjåen høyrer til Fjellgardane i Bykle. Langs Riksveg 9 er det 20 km frå Haukeli og 11 km frå Hovden. Bjåen Fjellstove ligg godt synleg innmed riksvegen. Det er om lag like langt til Oslo, Bergen, Haugesund og Kristiansand.