Hopp til innhald

Kvæven (Bykle gnr. 1 bnr. 16)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. februar 2026 kl. 11:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Kvæven 30. september 2017.
Kvæven sett frå Breidvatn 27. oktober 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Kvæven er eit gardsbruk (gnr. 1 bnr. 16) på Bjåen lengst nord i Bykle. Det er det bruket som ligg inst (lengst vest) når ein kjem langs Bjåvegen. Oppdyrkinga av bruket starta i 1930, og det blei skyldsett i 1933. Eigar er Sondov Sveinsson Bjåen (f. 1946).

I gardsdrifta har Sondov Bjåen hatt samarbeid og økonomisk fellesskap med søskenbarnet Sigurd Aslaksson Bjåen i Bjåen Fjellstove. Saman dyrka dei to i åra 1979–1983 opp om lag 250 mål. I 1980 bygde dei eit svært fellesfjos.

Kjelder

Kart

Laster kart ...