Dysjetjønni

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. februar 2026 kl. 22:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dysjetjønni er eit lite vatn i fjellet ovanfor (nord for) Dysje ved Botsvatn i Bykle.

Det var sag på Dysje medan garden var i drift. Ho stod ved Dysjebekken og høyrde til bruket Øvre Dysje. Somme tider var det lite vatn i bekken. Det var laga til ein liten stem i Dysjetjønni for å samle opp vatn til saging. Borna på garden hadde oppgåva med å springe opp fjellsida og opne luka for stemmen. Det var om lag 600 høgdemeter. Same turen måtte dei gjere når luka skulle stengast om kvelden.

Kjelder

Kart