Olav A. Bratteland
| Olav A. Bratteland | ||
|---|---|---|
| Født: | 21. november 1916 | |
| Død: | 15. november 2009 (92 år) | |
Olav A. Bratteland (fødd 21. november 1916, død 15. november 2009) budde i Kristiansand. Han var ikkje gift og etterlet seg syskjena Torbjørg og Auver og deira familiar. Gravferda var frå Oddernes kapell onsdag 25. november 2009 klokka 12.30. I staden for blomar ønska ein ei gåve til diakoniarbeidet i Vågsbygd menighet.
Olav kom frå gardsbruket Nordstog Bratteland ved Botsvatn i Bykle. I 1946 overtok han eigedomsretten etter mor si [Ingebjørg Olavsdotter Bratteland]] (f. Trydal 1890, d. 1985). Han overtok samstundes naboeigedomen Skolås. Olav dreiv garden med hest, 2–3 kyr og om lag 20 sauer til 1955. Ved sida av gardsarbeidet var han møbelsnikkar. I 1955 flytta han til Kristiansand saman med mora og ei syster. Der arbeidde han resten av yrkeslivet som snikkar og bygningsmann.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 92, 2009 side 2
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band III, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 75–78