Kyrkjeholmen (Raudvatnet)

Foto: Erling Momrak Haugann/Lokalhistoriewiki
Kyrkjeholmen var ei lita øy i Raudvatnet i Finndalen i Valle. Der skal det ha vore ei kyrkje den tid Finndalen hadde fast busetnad. Om så var tilfelle er ikkje sikkert stadfesta. Kyrkjeholmen kom under vatn då vassdraget blei regulert.
Historie
Det blei med jamne mellomrom halde messer på Kyrkjeholmen. Den første kan ha vore i 1870- eller 1880-åra. Oslokdagen 1962 var den siste. Biskop Kaare Støylen og den danske biskopen Halfdan Høgsbro var til stades, samen med rundt 300 menneske.
Kjelder
- Bispevegen gjennom Finndalen, side 56-57
- Leonhard Jansen, Då det budde folk på heiane, stykke i Jol i Setesdal 2001, side 20-23