Myholskaret
Myholskaret er ein passasje mellom fjella vest for Myholtjønn mellom Skomedal og Myhola vest i Bygland.
Skaret ligg mest 900 moh. Her veks mykje blålyng. Det er heilt i sørgrensa for denne fjellplantearten. Frå skaret vidare vestover ned Kvæven til Myhola er det framleis tydeleg veg. Ein gamal ferdsleveg frå Skomedal om Myhola til Ånebjør gjekk gjennom skaret.