De ti bud (Rygnestad-samlinga)

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
De ti bud er to biletfriser i Rygnestad-samlinga med illustrasjonar til dei ti bod. Serien er av særskild interesse, fordi han er frå reformasjonshundreåret og har eit motivinnhald som var sentralt i reformasjonen si lære.
Bileta er måla på lerret og utført i limfargeteknikk. Dei to lerreta er ca. 380 cm og 370 cm lange og ca. 64 cm høge.
Tradisjonen fortel at Åsmund Torleivsson Rygnestad bragte bileta heim til Rygnestad. Dei kan også først ha kome til kyrkja og sidan til Rygnestad. Kva som skjedde er i følge Ruth Hamran eit opent spørsmål.
Kjelder
- Ruth Hamran, Billedsamlingen i Rygnestadloftet, utgjeve av Institutt for sammenlignende kulturforskning/Novus Forlag, 2002, side 41–130