Skoklefallsdagen
Utsjånad
Skoklefallsdagen var ein merkedag i det gamle landbruket. Dagen markerte at våronna var over. Datoen var i regelen 3. juni.
I Valle var skoklefallsdagen (3. juni) rekna for å vere den siste dagen om våren det nytta å så kornet. Kom det i jorda etter den dagen, rokk det ikkje å mogne til hausten rekna bøndene.
Kjelder
- Artikkelen om Skoklefallsdagen i Store Norske Leksikon (digitalt)
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 108