Hopp til innhald

Riksveg 9 Hornskilen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. september 2025 kl. 05:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Riksveg 9 Hornskilen er ei om lag to kilometer lang, ny strekning under arbeid på Riksveg 9 mellom Hornskilen i sør og Pederstjønn i nord, heilt nord i Vennesla. Arbeidet tok til i september 2025.

I Hornskilen og Pederstjønn skal det skje ein del utfylling i vatn. Mellom desse punkta skal ny veg etablerast i ei svær fjellskjering innanfor (vest for) eksisterande veg, nær traseen til den gamle Postvegen.

Føremålet med arbeidet er å auke trafikktryggleiken og framkoma gjennom å utbetre kurvar, etablere mjukt sideterreng og betre sikttilhøva.

Statens vegvesen er oppdragsgjevar. Nomeland Maskin AS har oppdraget. Det har ein estimert verdi på 50 millionar kroner.

Kjelder

  • Omtale av prosjektet på Doffin.no