Hopp til innhald

Bjåen høgfjellsline

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. juli 2025 kl. 07:31 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Den verna telefonlina frå 1920 strekk seg frå Bjåen og nokre kilometer sørover mot Hovden. Biletet er teke ved Flottestøylen.
Stolpane har slike skilt.
Foto: Reidar Tveito
Ein av telefonstolpane 23. mai 2020.

Bjåen høgfjellsline er ein verna telefonkurs. Denne strekk seg over 90 stolpar i området mellom Hovden og Bjåen. Det er meininga å taka vare på stolpar, jarn, isolatorar og einskildtråar for ettertida, og dette er ein del av Telenors verneplan for bygningar og installasjonar. Denne lina i frå 1920 var ikkje berre ein rikskurs, men også ein høgfjellskurs der ein har nytta kraftigare jarn for å klara ekstreme snøforhold. Det var også større trådavstand for å få betre ljodkvalitet.

Dette er Setesdals lengste museum, nest etter Setesdalsbanen på Grovane. Lina vart sett i stand som opphaveleg i 1996.

Kart

Laster kart ...

(Peikaren på kartet er omlag der biletet over til høgre viser telefonkursen)

Kjelde

  • Rune Wikstøl: Historiske linjer, verneplan for Telenors bygninger og installasjoner. Norsk Telemuseum 1998. Side 31. ISBN 82-91335-18-4