Evje skøytebane

Foto: Geir Daasvatn
Evje skøytebane er den gamle grusbanen ved Evje stadion mellom Evje bedehus og EHbanen. Han blir islagt om vinteren når vêrtilhøva gjer det mogeleg. Det er eining for drift og forvaltning i kommunen som har ansvaret for islegginga. Når det blir mørkt, kan brukarane sjølv slå på lys på banen med ein brytar på ei bu der. Då kan dei bruke banen til klokka 21.
Kjelder
- Anfinn Lislevand, Evje kommunale idrettsplass, artikkel i Arnstein 2008, side 16-21
- Olav Åsen Haugsgjerd: Flotte forhold på skeisebanen på Evje. Artikkel i Setesdølen nr. 14, 2025 side 2