Brokke skule

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. april 2025 kl. 11:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byggeår ny skule)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det gamle skulehuset 11. april 2025.

Brokke skule vart bygd i Brokke rundt 1870. Ein periode, då det var få barn i Brokke, vart skulen flytt til Nomeland og plassert litt sør for Sylvartun. Då det seinare kom fleire ungar i Brokke, vart skulen flytt opp att. Skulen var i bruk til skulane i kommunen vart sentraliserte og Hylestad skule vart bygd på Nomeland (1958). Seinare vart skulen flytt att og plassert bak Hylestad skule, der han no er skulemuseum.

Kjelder

Kart

Laster kart ...