Hopp til innhald

Gunnar E. Lande

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. april 2025 kl. 08:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert etter bortgang)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gunnar E. Lande
Født: 30. oktober 1932
Død: 1. april 2025 (92 år)

Gunnar E. Lande (fødd 30. oktober 1932) budde i Grendi. Han arbeidde ei kort tid på butikken som far hans Eivind hadde hatt der, men fekk seg så arbeid på Landeskogen. Der var han til institusjonen vart nedlagd. Sidan kom han til Byglandsfjord psykiatriske klinikk og arbeidde i resepsjonen der.

Utanom arbeidet engasjerte han seg sterkt i målrørsla. Han var med i redaksjonen i Jol i Setesdal i mange år som representant for Bygland Mållag. Han var ein ivrig medhjelpar då dei store mållagsstemna blei arrangerte. Han var også leiar av styret i Aust-Agder Mållag ein periode. Han var med i bygdesogenemnda i Bygland i mange år. Han var med i Årdal sokneråd og fellesrådet for sokneråda i Bygland i ei årrekkje.

Kjelder