Drivslid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2025 kl. 08:51 av Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Drivslid 8. oktober 2017.


Drivslid er ein støyl og tidlegare husmannsplass på Austadheia, noko vest for Vestre Kile, i Bygland. Frå 1854 har bnr. 8 og bnr. 9 på Nordre Austad hatt kvar sin del av Drivslid.

Plassen blei rydda av Knut Lavransson Moi (f. ca. 1666, d. 1751), truleg noko før 1733. Eldste sonen, Tarkjel Knutson Drivsli (f. ca. 1711, d. 1785), overtok etter at faren var død. Ei dotter av Tarkjel, Anne Drivsli (f. 1757, d. 1829), bruka plassen etter han. Det var mange saker mellom Anne og grunneigarane om bruksretten til plassen. «Anne Drivslid gav seg aldri!», har Reidar Vollen skrive i Bygland gard og ætt (bind III, s. 210). Men rundt 1796 må ho ha flytta frå Drivslid.

Kjelder

Kart

Laster kart...