Hopp til innhald

Gøymde og gløymde skattar. Band og belte frå Setesdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. desember 2024 kl. 23:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Gøymde og gløymde skattar. Band og belte frå Setesdal er ei bok som omhandlar tilverking og bruk av belte og band som høyrer til drakttradisjonen i Setesdal.

Her er kunnskap, historie og bilete om belte og band til kvinne- og mannsdraktene i Setesdal, både til born og vaksne og til kvardag og høgtid. Boka tek for seg reiskap og materiell som vart bruka i dei ulike framstillingsmåtane. I tillegg er det eit eige avsnitt om dei mest kjende vevarane i dalen.

Utgjevar av boka er Valle bygdekvinnelag. Ei boknemd arbeidde fram boka: May-Lis Flateland (fagansvarleg), Eli Straume Føreland (fagansvarleg), Grete Fossen (leiar) og Monica Rygnestad (fotograf). Layout er ved Anne Hasla. Trykk: Rolf Ottesen AS. 182 sider. Pris: 350 kroner. ISBN 978-82-995252-2-0.

Kjelder

  • Boka