Kvernkall

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. desember 2024 kl. 07:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvernkall i kvernhus på Austad i Bygland 27. desember 2024.

Ein kvernkall er drivverket («turbinen») i ei vassdriven kvern for maling av korn. Han er laga av tre, og står loddrett under kvernhuset. I nedre enden er det skråstilte skovlar. Kallen går gjennom golvet i kvernhuset, og er festa til oversteinen inne i kvernhuset. Gjennom ei renne frå bekken kjem det ein vasstråle som treff skovlane, og driv kvernkallen og dermed oversteinen inne i kverna rundt.

Kvernkallen er enkel å bygge. Historisk kom han difor truleg i bruk lenge før det meir avanserte vasshjulet.

Kjelder