Gamlestog

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. juli 2024 kl. 08:50 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamlestog i Nordigard Rygnestad.

[[Fil:Rygnestad gamlestog 040724.jpg|mini|høgre|Gamlestog Nordigard Rygnestad [[4. juli 2024.

Foto: Geir Daasvatn

]]

Gamlestog er det ein kallar den eldste delen av stogehusa på gardane i Setesdal. Ofte er det då tale om ei årestoge (røykstoge) frå 1500- eller 1600-talet. Stoga hadde eit tredelt grunnplan. Mellom langsidene var det lafta ein delevegg. Det rommet ein fekk der, var igjen delt i to med ein skillevegg av bord – forstoge og klave.

Inngangen var på langsida. Ein kom då først inn i forstoga, og derifrå inn til stoga. Frå stoga gjekk ei ny dør inn til klaven. Alle veggane, unnateke bordveggen mellom forstoga og klaven, var av tømmer.

Den einaste kjende gamlestoga i Valle med findalslaft er Gamlestog Nordigard Rygnestad.

Kjelder


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.