Fyrste odde

Foto: Geir Daasvatn
Fyrste odde er den første odden som stikk ut i Byglandsfjorden rett nord for Revsnes Hotell. Det er ein populær badeplass, med fine svaberg. Ein gamal vegstubb som blei liggande att etter opprusting av riksvegen på 1970-talet er ein grei parkeringsplass. Utanfor vegstubben igjen er det spor etter den gamle Postvegen frå 1840-talet.
Kjelder
- Reidar Tveito, Ferja, brua og ny-vegen i og omkring Byglandsfjord, eige forlag, 2018, side 82