Dølen Hotell
Dølen Hotell vart bygd i 1920. Det kom då som erstatning for eit hotell frå 1887 som hadde brunne ned. Dølen Hotell ligg på Evje mellom Riksveg 9 og Otra og er det eldste hotellet i Setesdal. Hotellet har 12 soverom med til saman nesten 40 sengeplassar. I hotellet kan ein ha mellom 150 og 300 sitteplassar, alt etter kva slags arrangement det er tale om.
Hotellet er eigd av Monika Sætre og Roar Sætre, som og har bustaden sin i bygget. Dei overtok hotellet i 2004, men i 2013 vart det lagd ut for sal med ein prislapp på 5,9 millionar. I prospektet heiter det at drifta viser gode resultat, og overskot dei siste åra er brukt til å oppgradere hotellet. Særleg er det lagt vekt på ei gjennomgåande opprustning av baderomma.
Søndagsbuffeten på Dølen Hotell går det gjetord om, og folk frå store delar av Sørlandet legg sundagsturen til Evje for å nyte eit solid og variert måltid.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Vil selje Dølen Hotell. Artikkel i Setesdølen nr. 44, 2013 side 4