Dølen Hotel

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Dølen Hotell)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dølen Hotel 13. november 2020.
Hotel Dølen på Evje 2012
Dølen Hotel logo.jpg

Dølen Hotel er eit hotell ved breidda av Otra, i Torvald Haavardstads veg, på Evje. Det er eldste hotellet i Setesdal. Det vart bygt i 1920, på tomta etter eit tidlegare hotell frå 1887 som brann ned 9. oktober 1919. Ved sida av 12 hotellrom og a-la-carte restaurant, tilbyr hotellet lokale for kurs, møter og selskap. I festsalen er det plass til 75 gjestar. Innehavarar frå 2017 er Else Haugland og Øyvind Olsen.

Opningstider restaurant

  • Mandag - torsdag klokka 15-21
  • Fredag og lørdag klokka 17-22
  • Søndag klokka 13-18 med søndagsbuffé

Nyare historie

Frå 2004 var hotellet drive av Roar Sætre og Monika Sætre. Hotellet blei i deira tid svært populært på grunn av sundagsbuffetane, som kunne samle 2-300 gjestar. Dei hadde planar om å utvide hotellet, men i 2012 vart hotellet avertert for sal på grunn av sjukdom i familien.

I november 2016 blei det kjend at Øyvind Olsen og Else Haugland hadde kjøpt hotellet. Dei overtok frå 1. januar 2017. 16. mars 2017 opna hotellet igjen, etter ei omfattande oppussing av 1. etasje. Dei 12 hotellroma i 2. etasje skulle etter planen pussast opp seinare på året.

I 2021 vart det bygt ny utandørs kulturscene ved hotellet.

Eldre historie

Det var kjøpmann Johan S. Gundersen som fyrst sette opp hotel på Evje, i 1887. Han vart født i Kristiansand i 1839, og var son til kjøpmann John Gundersen. Denne hadde òg kjøpt Høie spinneri av Lilloe for 8000 spesiedaler i 1857. Fabrikken heldt fram med Lilloe som styrar, og var i slektas eige fram til Oscar Jebsen tok over i 1904.

Johan S. Gundersen flutte til Mosby i 1880 for å driva fabrikken på Høie, og han han dreiv samstundes med handel der. Han dreiv også landhandel på Kile og på Evje, med bakeri i tillegg. Etter at han hadde sett opp Dølen hotel, kjøpte han garden Nedre Lande i Grendi, og flutte seinare opp dit. Etter kvart vart Lande teke over av sonen Ragnvald, som igjen selde garden til Jon Løyland i 1930.

På slutten av 1890-talet selde Gundersen hotellet til Dina Syvertsen. Ho dreiv hotellet til 1915. Då tok brødrane Sigvart Skibsrud og Christian Skibsrud over eigedomen. På kvelden 19. oktober 1919 brann både hotellet og resten av husa på eigedomen ned. Eit nytt hotell vart straks reist på same tufta. Det blei tatt i bruk tidleg på sommaren 1920. Dette er dagens hotel. Etter kvart vart det Christian Skibsrud som tok over og dreiv hotellet aleine. Herman Benkel kjøpte det i 1951. Han dreiv hotellet fram til 1963. Då blei det leigd bort til ekteparet Rolf Kr. Nilsen og Ingrid Nilsen. Etter å ha leigd hotellet nokre år, kjøpte dei eigedomen på slutten av 1960-talet. Hausten og vinteren 1977-1978 blei bygget pussa opp, og vinteren og våren 1981 blei selskapslokala i første etasje utvida og moderniserte. Ekteparet Nilsen trakk seg tilbake og selde Dølen i slutten av mai 1998.

Krigshistorie

Under eit møte på Hotel Dølen 15. april 1940 underteikna major Finn Backer, major Ragnvald Graff og kaptein David Vogt ein avtale med tyskarane om overgjeving av dei militære troppane i Kristiansands-avsnittet. Overgjevinga gjaldt om lag 3 000 mann. Dei militære styrkane låg på dette tidspunkt for ein stor del i stillingar ved Syrtveit nord for Evje eller lenger nord i Setesdal

Kjelder

Sjå også

Eksterne lenker