Store Krokevatnet

Foto: Geir Daasvatn
Store Krokevatnet er eit vatn i Hålandsheia, sør for Fylkesveg 42, ved Mykjåland aust i Evje. Ved austre enden av vatnet låg Krokevasstøyl.
Noko sør-aust for Store Krokevatnet ligg Tvitjønn. I området her meinte gardkjennaren Oddmund Mogstad å ha funne spor etter den opphavelege garden Håland, som truleg stammar frå folkevandringstida. Seinare, kanskje på 700- eller 800-talet, flytta brukarane garden lenger ned i lia, til Hålandsdalen.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Øydegarden Håland i Evje, artikkel i Arnstein 2005, side 15-20