Galtemyra

Foto: Geir Daasvatn
Galtemyra er eit stort myrområde i heia aust for Skore i Bygland. Når folk i tidlegare tider skulle frå Skore til Åraksbø, gjekk dei til vanleg opp skaret bak husa og austover til Galtemyra. I dag går det skogsbilveg frå Monen mellom Øvre Gakkestad og Lidtveit innover i heia til Galtemyra.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 694