Brokke Nord

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. september 2010 kl. 23:26 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Brokke Nord)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Brokke Nord er eit planlagt prosjekt i Otravassdraget. Otra Kraft fekk konsesjon til dette i 2004, men har ikkje starta utbygginga. Etter planane skal ein føre Bjørnarå og 5 bekker over til Sarvfoss gjennom ein 12,4 km lang tunnel. Det er planlagt ein 50 meter høg dam Sarvsfoss som vil demme opp for to inntaksmagasin til Skarg kraftverk, som er planlagt i austenden av Botsvatn. Den eksisterande overføringstunnelen skal verte driftstunnel.

Strid med grunneigarane

Det er sju grunneigarar med fallrettar i området. Det er Torgeir Bjørnarå, Thor K. Lunden, Vidar Nomeland, Bjørg Brokka Rike, Svein Brokka, Birgit Hoslemo Brokka og Tor D. Lunden. Dei kravde overskjøn i Agder lagmannsrett då dei fann at tingretten si avgjerd hadde gjeve for lita erstatning. Agder Lagmannsrett gjorde om tingretten si avgjerd og gav grunneigarane medhald i at erstatninga måtte fastsetjast etter verdien ein kunne hatt om ein bygde småkraftverk. I januar 2008 kravde Otra Kraft overskjøn og anka saka til Høgsterett, som avgjørde at Agder lagmannsrett må handsame saka på nytt fordi skjønnsgrunnane er mangelfulle.[1]

Referansar

Eksterne lenker