Milorg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. november 2023 kl. 08:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Distrikt 18)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Milorg var den militære motstandsorganisasjonen i Norge under andre verdskrigen (1940–1945). Ved eit vedtak i Forsvarsrådet 20. november 1941 blei Milorg anerkjent av regjeringa i London, og lagt direkte under Hærens overkommando (frå februar 1942 Forsvarets overkommando). Frå hausten 1944 var det offisielle namnet Hjemmestyrkene.

Milorg hadde som hovudformål å bygge opp ein omfattande undergrunnshær som kunne støtte allierte og norske styrkar med frigjeringa av Norge.

Fram til sommaren 1942 var Milorg organisert i fem kampgrupper. På seinsommaren 1942 skjedde ei omorganisering. Landet blei delt inn i 14 distrikt. Ved frigjeringa i 1945 var dette auka til 23.

Milorg på Agder

Sørlandet var arbeidet i Milorg først organisert i Kampgruppe 3, leia av major Arne Laudal. Området strekte seg frå Risør til Haugesund. Frå sommaren 1942 fekk Agder-fylka nemninga Distrikt 18 (D18). Rogaland var nå skilt ut som eige distrikt (D19). Kampgruppe 3, og seinare Distrikt 18, var delt inn i avsnitt, etter geografien.

Setesdal

I Laudal-organisasjonen høyrde Setesdal inn under Setesdalsavsnittet, som strekte seg frå Kristiansand til Bjåen (grensa mot Telemark). Ved frigjeringa i 1945 var Setesdal i avsnitt 3, som gjekk frå aust for Lillesand til og med Søgne, og heile Setesdalen nord til Hovden.

Kjelder