Jarebu
Jarebu er dagsturhytta i Bykle. Ho står på Jarekollen (960 moh.), og blei offisielt opna 17. juni 2023. Bykle kommune eig hytta. Bykle IL har inngått drifts-/tilsynsavtale med kommunen. Bygget er teikna av Feste Landskapsarkitektur og bygd av HL Bygg.
Hytta er del av eit større samarbeidsprosjekt, Dagsturhytta Agder, der Agder fylkeskommune, Sparebankstiftelsen SR-bank, kommunane i Agder og frivilligheita er med.
Det går merka turstig opp til Jarebu med start frå Bykle ljosløype.
Historie
Hytta blei sett opp i 2022. Grunnarbeidet blei utført sommaren 2022 av kommunen. Gravemaskin blei frakta opp med helokopter. Sommarvikarer i kommunen var med og utførte forskaling og støyping av fundament og oppfylling av masse i byggegropa. Dei bar også opp materialer for dette arbeidet. Sjølve hytta blei frakta opp med helikopter og sett opp i oktober 2022. Ho fekk namnet Jarebu etter ein namnekonkurranse der dette alternativet fekk flest stemmer.
Kjelder
- Artikkel om opninga av Jarebu på heimesida til Bykle kommune
- Oppslag i Jarebu med kort informasjon om hytta, sett opp av Bykle IL
- Oppslag ved inngangen til hytta, sett opp av Dagsturhytta Agder