Jarebu

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Jarebu innvendig 2. juli 2023.
Foto: Geir Daasvatn

Jarebu er dagsturhytta i Bykle. Ho står på Jarekollen (960 moh.), og blei offisielt opna 17. juni 2023. Bykle kommune eig hytta. Bykle IL har inngått drifts-/tilsynsavtale med kommunen. Bygget er teikna av Feste Landskap/Arkitektur og bygd av HL Bygg.

Det går merka turstig opp til Jarebu med start frå Bykle ljosløype.

Samarbeidsprosjekt

Hytta er del av eit større samarbeidsprosjekt, Dagsturhytta Agder, der Agder fylkeskommune, Sparebankstiftelsen SR-bank, kommunane i Agder og frivilligheita er med. Spelemidlar frå Norsk Tipping er òg ein del av finansieringa.

Historie

Hytta blei sett opp i 2022. Grunnarbeidet blei utført sommaren 2022 av kommunen. Gravemaskin blei frakta opp med helokopter. Sommarvikarer i kommunen var med og utførte forskaling og støyping av fundament og oppfylling av masse i byggegropa. Dei bar også opp materialer for dette arbeidet. Sjølve hytta blei frakta opp med helikopter og sett opp i oktober 2022. Ho fekk namnet Jarebu etter ein namnekonkurranse der dette alternativet fekk flest stemmer.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...