Evje Gull og Sylv

Evje Gull og Sylv er ei gull- og sylvvareforretning og -verkstad i sentrumsgata i Evje. Forretninga sel for ein stor del gull- og sylvvarer produsert i eigen verkstad. Dagleg leiar til årsskiftet 2022/2023 var sylvsmed Gunnar J. Helle. 1. januar 2023 overtok Frank Helle, son til Gunnar og kona Torhild Helle, verksemda. Han driv også Helle Gull & Sølv i Grimstad. Verkstaden på Evje driv vidare som før. Butikken er redusert til at kundane må ringe for å handle direkte.
Historie
Butikken opna i Evje sentrum i 1987. Forretninga var organisert i eit aksjeselskap, der dei største aksjonærane var Gunnar J. Helle og Torhild Helle. Omsetninga i 2014 var om lag fem millionar kroner. Butikken hadde kundar frå heile Setesdal og frå Åseral, Byremo, Vegusdal og Hægeland.Sommaren 2017 kunne GUnnar og Torhild feire 30-årsjubileum.
Butikken hadde fleire gonger innbrot. Ved eit innbrot fredag 31. oktober 2014 fjerna tjuvane heile vinduet og tok utstillinga. Men dei vart tekne same dagen av politiet på Evje.
Kjelder
- Om Evje Gull og Sylv på Proff.no
- Sigurd Haugsgjerd, - Slutt på at folk kjem i siste liten, artikkel i Setesdølen nr. 95, 2016, side 8
- Tyvene fjernet hele vinduet
- Sigurd Haugsgjerd, – Stadig fleire vil skaffe seg bunad, intervju med Frank Helle i Setesdølen nr. 31, 2023, side 6