Minnesteinen etter Arbeidstenesta

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. april 2023 kl. 07:17 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Språkpuss)
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinhella som i dag står tett ved Fv-42 på Galteland.
Ornamentet som er hogd inn i berget nokre få meter ovafor minnesteinen.
Foto: Geir Daasvatn

Minnesteinen etter Arbeidstenesta er ei flat steinhelle med inskripsjonar som blei sett opp på Galteland rundt 1944, til minne om utgravinga av Galtelandskanalen som Arbeidstenesta utførte i åra 1942–1944. Det var befalet som bestemte at steinen skulle reisast. Ein av gutane i troppen, Torvald Eide, hogde til innskrifta i steinen. Det skulle eigentleg ha stått Galtelandskanalen og Bygget av Agder- og Rogalandsgutter på steinen også. Men dei innskriftene kan ikkje ha blitt ferdige.

Etter omlegging av vegen rett vest for busetnaden på Galteland, står steinen i dag tett attmed ei sløyfe av den gamle veglina på Fylkesveg 42.

I berget rett ovafor den svære steinhella er det hogd eit meir forseggjort ornament inn i sjølve fjellet. Lokalhistorikar Sigmund Monen meiner det er det eigentlege minnesmerket, og at steinen var for øving.

Kjelder

Kart

Laster kart ...