Hopp til innhald

Systog Berg (Valle gnr. 51 bnr. 3)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. mars 2023 kl. 19:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder)

Systog Berg er eit gardsbruk (gnr. 51 bnr. 3) i garden Berg i Valle.

Historie

Systog Berg var lensmannsgard i tida mellom 1500 og 1700. Gapestokken står i tunet enno. Ein av lensmennene her var Vonde-Åsmund Berg. Han skal ha drepe fem menneske. Utan historisk stadfesting skal den siste ha vore presten som i kyrkja kommenterte skoa hans som knirka: "Hør hvor Åsmund Bjerge fjerter!"

Kjelder

Kart