Kristihagen
Kristihagen var ein husmannsplass under bnr. 3 på Øvre Hegland i Bygland, i nærleiken av der Granheim Hotel seinare kom. Staden har namn etter Kristi Torjusdotter Pytten, enka etter Tellef Salveson Kvinen som døydde i 1868.
Kristi blei ein dag funnen under eit grantre, mest livlaus, stakken hennar var mest klaka. Ho blei tatt vare på, og tina opp. Om våren sette fleire frå Hegland opp ei lita stove for henne.
Kristi levde i mange år eter dette. Truleg rundt 1900 flytta ho frå Kristihagen. Ho døydde av alderdom på Langeid, mest 88 år gamal.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 380