Åseral stolpekyrkje
Åseral stolpekyrkje var truleg den første kyrkja på kyrkjetomta der Åseral kyrkje står i dag. Ei «stolpekyrkje» er ei stavkyrkje, men med jordgravne stolpar. Det er uvisst når den første kyrkja i Åseral blei reist, men kanskje på 1000-talet.
Det må ha vore kyrkegard rundt kyrkja. Rundt 1920 blei det funne ei beingrind frå eit menneske saman med eit lite beger av bronse, ein gravkalk. Gravkalken er frå 1100-talet eller 1200-talet.
Kjelder
- Frans-Arne Hedlund Stylegard, Til Guds Ære og Folkets Gavn, Åseral kyrkje 1822–2022, utgjeve av Åseral sokneråd, 2022, side 23