Nordtjønn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. mai 2022 kl. 05:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke skogsbilvegen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordtjønn sett fra austsida av vatnet.

Nordtjønn er eit lite vatn på Senumsheia, på vestsida av Byglandsfjorden, heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Det går skogsbilveg frå Gullsmedmoen opp den bratte lia til tjønna. Frå tjønna går det sti vidare vestover i terrenget til den gamle Otra-hytta, som no er i privat eige. Nordover går det sti til toppen av det gamle Byglandsfjord Skisenter. Lokale friluftsentusiastar har laga ein fin gapahuk ved tjønna, der det er fint å ta ein rast om ein er på fottur i området. Ut av vatnet og ned lia til Otra renn Sagebekken.

Kjelder

Kart

Laster kart ...