Vatndalsdammen (1947)
Vatndalsdammen (1947) var den andre dammen som demde opp Vatndalsvatnet i Bykle til kraftmagasin. Konsesjon for denne nye utbygginga blei gitt i 1942, og stadfesta i 1947. Dammen stod også ferdig i 1947. Han var ein kombinert plate- og bogedam, om lag 30 meter høg. Då den svære Vatndalsdammen blei bygt (ferdig 1983), blei dammen frå 1947 bygt inn i dei nye steinfyllingane.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 585–587
- Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side