Oppreisten i 1541
Oppreisten i 1541 var eit bondeopprør, der ein flokk bønder frå Valle og andre bygder drog til Nedenes og overfall fogden Peder Hansson. Han fekk 18 klubbeslag; eitt frå kvar av dei som var med. Dei skal etter dette ha blitt overmodige, og gav seg i veg vestover til lensherren Stig Skafsten Bagge på Eikeland i Kvinesdal for å ta han i same slengen. Men Bagge fekk kjennskap til flokken, samla folk og fanga dei. Fire av leiarane blei avretta. Futen i Nedenes skal ha kome seg etter den harde medfarten.
I motsetnad til ein del andre historiar og vandresegner om liknande bondeopprør, er Valle-bøndene sin oppreist i 1541 tåleg godt dokumentert. Mellom anna skreiv lensherre Bagge ein rapport kort tid etter hendinga.
Kjelder
- Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side 10