Skjerkevassvegen
Skjerkevassvegen er ein anleggsveg som tek til frå Søteheivegen på heia vest for Ørevatn i Åseral. Vegen går eit kort stykke til Dam Skjerkevatn, og vidare på sørsida av Skjerkevatn til Dam Heddersvika. Her er han stengt med bom. Men grunneigarar og andre med adgang kan halde fram over dammen og vidare på vestsida av Nåvatn i fleire kilometer.