Hattefossbrua

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. november 2021 kl. 18:23 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet dato for foto i bildetekst)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hattefossbrua 19. april 2019.

Hattefossbrua er ei trebru over utlaupsosen av KosvatnAbusland i Hornnes. Brua var opphaveleg bygt av oppmurte brukar av stein, med trebjelkar imellom. Ho er restaurert fleire gonger. I 2015 blei det lagt nytt toppdekke, men då mer jernbjelkar som berebjelkar. Brua skal vere bygt i 1859, er det sagt på Kulturminnesok.no. Lokalkjende Ragnhild Robstad seier i ein artikkel i Arnstein 2021 at ho er bygt rundt 1870. Bakgrunnen for bygginga var å lette utnyttinga av vestsida av Kosvatnet for bøndene. Dei hadde skog, slåttemark med høyløer, beitemark og noko støylsdrift. Det var tungvindt og vanskeleg å krysse elva til tider, og det var vanskeleg å drive ut tømmeret når dei måtte over elva eller vatnet.

Kjelder

Kart

Laster kart...