Dåsvatn
Foto: Geir Daasvatn
Dåsvatn er eit vann øvst oppe i Dåsvannsdalen i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Dåsåna kjem frå Dåsvatn. Dåsvatn ligg 190 moh., og har eit areal på 1,56 km². Det er ca 4,5 km langt. Det er registrert fleire steinalderbuplassar ved vatnet. Dei er automatisk freda. Fylkesveg 3788 frå Dåsnes til grensa mot Åseral går langs vestsida av vatnet.