Karen Marie Wikstøl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. oktober 2021 kl. 10:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet ørliten skrivefeil)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Karen Marie Wikstøl
Født: 10. januar 1955
Død: 3. juli 2016 (61 år)

Karen Marie Wikstøl (født 10. januar 1955, død 3. juli 2016) var bonde på Uleberg i Evje og Hornnes kommune. Saman med mannen Gunnar Wikstøl dreiv ho Engheim gard. Ho var viden kjent for lefsene og kakene sine. Sjølv om jula er høgsesong, bakte ho tre sorter lefser annankvar veke. Dei fleste produkta vart også levert i ein glutenfri versjon. Ho selde produkta direkte eller på Bondens marked i Arendal og Kristiansand, og ho var styremedlem i Bondens marked Agder SA.

I tillegg til mannen Gunnar Wikstøl etterlet ho seg barna Alf Gunnar Wikstøl, Siri Marie Wikstøl og Knut Petter Wikstøl, svigerbarn, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Hornnes kyrkje fredag 8. juli 2016 klokka 11.

Kjelder

Eksterne lenker