Hegni friluftsområde

Foto: Geir Daasvatn
Hegni friluftsområde ligg ved nordre enden av Hartevatn, om lag 1 km sør for Hovden sentrum. Området har eit variert tilbod av turstiar samt leikeapparat, trampoline og sandvolleyballbane. Der er óg kiosk med kafémeny.
Frå Hegni friluftsområde kan du dra på fisketur, anten du vil fiske frå land eller leige ein robåt. Det er også utgangspunkt for vandre- og sykkelturar. Rekordfestivalen vert arrangert her.
Moglegheitsstudie for Hegni
Prosjekthuset AS ved Tone Straume Wikeland, i samarbeid med Trollvegg Arkitektur og Plan, laga i 2021 ein moglegheitsstudie for Hegni frilutsområde, på oppdrag for Bykle kommune. I dokumentet er det fokusert mest på sommaraktivitetar.