YX Hovden

Foto: Geir Daasvatn
YX Hovden er ein bensinstasjon i sentrum av Hovden i Bykle. Ved sida av bensin, sel verksemda mykje anna som til dømes baguettar og hamburgarar, nybakte brød, bilrekvisita og bilvask.
Aksjeselskapet Hovden Servicesenter eig verksemda. Eigar av Hovden Servicesenter er Bykle Hotell Eiendom AS, som igjen er 100 % eigd av Bjørn Erling Auestad. Frå hausten 2017 er Thor Thorstensen dagleg leiar.
Kjelder
- Pilene oppover for YX Hovden, stykke i Setesdølen nr. 6, 2017, side 5
- Ole Birger Lien: Kokk tar styringa på YX Hovden. Artikkel i Setesdølen nr. 63, 2017 side 3