Forgard (Åseral gnr. 2)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Forgard er ein gard i Kyrkjebygd i Åseral. Innmarka ligg på sletta på vestsida av Monn, og utmarka strekk seg innover i heiane heilt til grensene mot nabokommunane Hægebostad og Kvinesdal. Garden skal ha eit areal på om lag 100 000 dekar. Nabogard i sør er Åsland. Nabo i nord er Røysland. På andre sida av Monn ligg Berg og Austrhus.
Sosteli jernaldergard ligg for ein stor del på Forgard sin grunn.
Kjelder
- Tarjei Liestøl, Åseral Gard og Ætt, bind I, 1976, side 67–122