Knut Knutson Vatnedalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. april 2021 kl. 21:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Knutson Vatnedalen (fødd 12. juni 1813, død 30. juli 1899) var spelemann, snikkar, målar og rosemålar i Bykle. Han var ungkar all si tid. Han budde mykje hos andre, som busete, og blei mykje kalla «Buseten». Han skal ha vore den første som brukte hardingfele i Setesdal. Han var rekna som ein av dei beste spelemennene i sin generasjon. Han skal også ha vore ein av dei beste snikkarane og rosemålarane i dalen.

I Bykle kultursoge er det skrive:

Sitat--- Det gjekk med han som med det gjekk med mange eldre, einslege. Han kom på fattigkassa. Den 30. juli 1899 døydde han av slag. Etter namnet hans i kyrkjeboka står: fattiglem, ungkar. Og det var ofte måten kommune og stat lønte sine mest gåverike menn påSitat
– Knut Gjerden

Kjelder

  • Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 321–326