Svenke Bjørgulvsen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. april 2021 kl. 09:25 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Svenke Bjørgulvsen
Født: 1899
Død: 14. februar 1981 (alder 81–82)

Svenke Bjørgulvsen (1899–1981) var bonde på garden Kåsi i Jordalsbø. Han var i Amerika i unge år, men kom tilbake i 1932. Då tok han eiendommen Myhola tilbake på odel, men seinare selde han den og busatte seg i Bygland, der han i 1939 gifta med Anne Tarjeisdatter Kvålsmo. I tillegg til å drive garden, tok han på seg tømmerhogging, kjøring og skogkulturarbeid. I 1969 fekk han diplom og medalje frå Aust-Agder Fylkesskogselskap for dette arbeidet.

Svenke Bjørgulvsen og Anne Kvålsmo fekk desse barna: Birgit Kvålsmo Bjørgulvsen, Agnes Ellingsen og Bjørg Espetveit. Alle døtrene etablerte seg i Kristiansand og dei siste fire åra av livet budde også Anne og Svenke i Kristiansand.

Kjelder