Hopp til innhald

Tveitli

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2020 kl. 00:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Dale)
Fil:Tveitli Skjeggedal 180518.jpg
Tveitli 19. mai 2018.

Tveitli er ein fråflytta gard (gnr. 5) heilt nord i Skjeggedal i Åmli. Staden blir i dag nytta som fritidseigedom.

Det er køyreveg til garden frå Nedre Skjeggedal. Det første stykket er bomveg, der ein kan betale 30 kroner og køyre ein dagstur. Ved Heddevatn er vegen stengt med bom. Derfrå må ein gå eller sykle dei siste kilometerane til Tveitli.

Vest for Tveitli ligg Sandsvatn, som er utspringet til Skjeggedalsåna.

Knutepunkt for felespel

Tveitli var eit knutepunkt for felespelet i Tovdal, saman med gardane Dale og Austenå. Her var det slekter som formidla tradisjonsmusikk tilbake til 1700-talet.

Kjelder

Kart

Laster kart ...