Fredagssending i Valle Radio 20200925
Fredagssending i Valle Radio 20200925 er sida til programmet i Valle Radio fredag 25. september 2020 – den fyrste fredagssendinga på lenge!
Ørnulf Hasla var ansvarleg, Siri Johannessen teknikar og Jorunn Helle og Solveig Rysstad var telefonvakter.
Kveldsprogrammet
19.30 Tankar frå Bibelen
ved Torleif Harstad.
20.00 Aktuell time
med Ørnulf Hasla:
- Nordheim kafe er historie, reportasje frå brannøvinga
- Arkeologiske utgravingar på Helle
- Opning av Valle bruktbutikk, Rysstad
- Bratt friluftsliv, vi møter ein gjeng som skal klatre i Nomelandsfjellet
21.00 Opi sending
med Ørnulf Hasla og Britta Lise Homme